Change search
ReferencesLink to record
Permanent link

Direct link
 Medikamenta lever for meg: Ein kvalitativ studie om pasientar med kronisk hjertesvikt sine opplevingar i forhold til bruk av medikament og etterleving av den medikamentelle behandlinga
Norwegian University of Science and Technology, Faculty of Social Sciences and Technology Management, Department of Social Work and Health Science.
2009 (Norwegian)MasteroppgaveStudent thesis
Abstract [no]

Bakgrunn: I den kliniske kvardagen opplever helsearbeidaren at pasientar med kronisk hjertesvikt ikkje alltid oppnår forventa effekt av den medikamentelle behandlinga. Spørsmålet dei stiller seg er om pasienten etterlever den medikamentelle behandlinga. Manglande medikamentetterleving hjå denne pasientgruppa blir bekrefta gjennom forsking. Det er utført fleire studiar på intervensjonar som skal betre medikamentetterlevinga hjå desse pasientane. Trass i dette er problemet med manglande etterleving framleis gyldig i den kliniske kvardagen.

Med dette som utgangspunkt var det interessant å få belyst kva den enkelte pasient sjølv opplevde som vesentleg for å etterleve den medikamentelle behandlinga.

Formål: Gjennom studien har eg fokusert på pasientane sine opplevingar i forhold til bruk av medikament og etterleving av den medikamentelle behandlinga. Eg har ønska å finne dei faktorane pasientane opplever som viktig for å etterleve den medikamentelle behandlinga.

Metode: Eg har brukt ei kvalitativ tilnærming for å få svar på problemstillinga. Data er samla inn ved hjelp av semistrukturerte intervju. Dette intervjuet vart gjennomført når informantane var til poliklinisk behandling. Data er analysert ved bruk av fenomenologisk metode. Det reduserte materialet er rekonstruert og blir presentert gjennom fire idealtypar.

Funn: Alle informantane meinte at dei etterlevde den medikamentelle behandlinga. Dei hadde ingen tankar om ikkje å følgje legen sine råd, sjølv om fleire gjorde eigne val for å tilpasse bruken av medikament til dagleglivets krav. Fleire av informantane opplevde også ein krisereaksjon i etterkant av å ha fått informasjon om sjukdom og prognose. Dette viste seg å ha negativ innverknad på evna deira til å ta til seg informasjonen dei fekk formidla i den akutte fasa. Opplevinga av å bli godt ivaretekne av helsearbeidarane ved poliklinikken, i tillegg til ønsket om å behalde ei god helse vart sett på som motiverande faktorar for å etterleve den medikamentelle behandlinga.

Konklusjon: Funna i studien indikerer at gjennom pasientopplæringa har helsearbeidaren ei viktig rolle i å hjelpe pasienten med kronisk hjertesvikt til å etterleve den medikamentelle behandlinga.

 

Place, publisher, year, edition, pages
2009.
Identifiers
URN: urn:nbn:no:ntnu:diva-12290OAI: oai:DiVA.org:ntnu-12290DiVA: diva2:405173
Available from: 2011-03-21 Created: 2011-03-21 Last updated: 2011-03-21Bibliographically approved

Open Access in DiVA

fulltext(528 kB)258 downloads
File information
File name FULLTEXT01.pdfFile size 528 kBChecksum SHA-512
5842196b4d02aa46139a0f8256db30df06850dd16f24b6edd6fcb44d043ca15bc224cb606a4ff6cc28fc2f91e5430b47c6d6905c1f6f5951475d6b5eee369b50
Type fulltextMimetype application/pdf

By organisation
Department of Social Work and Health Science

Search outside of DiVA

GoogleGoogle Scholar
Total: 258 downloads
The number of downloads is the sum of all downloads of full texts. It may include eg previous versions that are now no longer available

Total: 132 hits
ReferencesLink to record
Permanent link

Direct link